Kurs i akuttmedisin for LIS1 Nordhordland legevakt

Dato:
4. september 2023 10:00 - 5. september 2023 16:00
Stad:
Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
Påmeldingsfrist:
21. august 2023 23:59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i september 2023 og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 08.08.2023

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.

Dersom du har spørsmål om kurset, ta kontakt med fagansvarleg ved Nordhordland legevakt Ann-Christin Sagstad på e-post.

Reiseutgifter

Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting ved behov. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. De må sjølv ordna med overnatting dersom det er behov for det. Statsforvaltaren dekkar overnatting mellom kursdagane, inntil 1 800 kroner, for dei med meir enn ein time reisetid (gjeld ikkje for LIS1 i Bergen, Øygarden, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Masfjorden, Austrheim og Vaksdal). Om du har rett på å få dekka overnatting, må du sjølv legga ut for overnattinga og skriva det på reiserekninga. Dekking av overnatting dagen før kursstart må avklarast med Statsforvaltaren. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. 

Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning.

Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du til at namn og kontaktinformasjon blir delt med hotellet. Les meir om personvern under "Lenkjer"

Dato:
4. september 2023 10:00 - 5. september 2023 16:00
Stad:
Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
Påmeldingsfrist:
21. august 2023 23:59

Kontaktpersonar

Kontaktperson Nordhordland legevakt