Fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Dato:
27. september 2023 09:30 - 15:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
5. september 2023 23:59

Statsforvaltaren i Vestland inviterer overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane til fagsamling. 

Publisert 04.08.2023, Oppdatert 04.09.2023

Tema for dagen er mellom anna rolla som overordna fagleg ansvarleg, saksbehandling etter reglane i kapittel 9 og Statsforvaltarens erfaringar frå tilsyn og saksbehandling.

Vi minner om at samlinga berre er for dei med overordna fagleg ansvar for kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova. For Bergen kommune er samlinga for etatsdirektør og einingsleiarar med overordna fagleg ansvar for kapittel 9.

Det vert i tillegg sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar. Vi inviterer kommunane til å senda inn tema eller problemstillingar de ønskjer å ta opp. Har du problemstillingar du ønskjer å ta opp på samlinga, send dei på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», innan 8. september.

Det blir servert lunsj, kaffi og frukt på møtet. For deltakarar med lang reiseveg, dekker vi overnatting frå 26. til 27. september. Samlinga er gratis, men påmeldinga er bindande. Deltakarar som ikkje møter utan å gi beskjed, vert fakturert for dagpakke. Dei som bestiller overnatting og ikkje møter, blir i tillegg fakturert for overnattingskostnadene.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Dato:
27. september 2023 09:30 - 15:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
5. september 2023 23:59