Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (nr. 5 i serie)

Dato:
22. mai 2023 13:00 - 14:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
Påmeldingsfrist:
21. mai 2023 23:59
Illustrasjonsbilete av framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024), to born som leikar.
Ill.bilete: framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.

Tema for det femte webinar i serie om rus, psykisk helse, bustad og tenester er: Forstå Vestland gjennom dei kommunale kunnskapskjeldene.

Publisert 17.04.2023

Program

  • Velkomen v/Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar kommune og samfunn, Statsforvaltaren i Vestland
  • Kva er kjeldene, kva fortel dei og korleis kan vi bruke dei?  - og korleis bruke datarikdommen i IS-24/8? v/Stian Reinertsen, fagleg rådgjevar i NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid). (IS-24/8 er ei årleg kartlegging innafor rus- og psykisk helse-feltet, som SINTEF gjennomfører blant alle kommunar/bydelar i landet, på oppdrag frå Helsedirektoratet.)
  • Spørsmål og dialog

Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.

Bakgrunn for webinarserien

Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.

Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Webinarserien er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er høve til å delta på enkeltwebinar.

Påmelding webinar 22. mai 2023

Dato:
22. mai 2023 13:00 - 14:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
Påmeldingsfrist:
21. mai 2023 23:59

Kontaktpersonar