Webinar Dialog SKOG 2/23 - Korleis klarer vi å engasjere skogeigarane i skogbruket?

Dato:
25. april 2023 09:00 - 10:00
Stad:
Digitalt møte/Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men opent for eksterne deltakarar også.

Et eller annan stad svikter systemet. Skogeigarane er for lite interessert i planting og ungskogpleie – heilt avgjerande investeringar for eit berekraftig skogbruk.

Publisert 22.03.2023

Skogeigarane på Vestlandet hogg stadig meir skog – tømmerprisane er gode. Det vert investert mykje statlege midlar i skogsvegar, tømmerkaier og skogbruksplanar. Til og med konsekvensane av dei pågåande klimatiske endringane har vi så langt slept unna. Vestlandsskogbruket  klarar seg bra.

Men et eller annan stad svikter systemet. Skogeigarane er skremmande lite interessert i planting og ungskogpleie – heilt avgjerande investeringar for eit berekraftig skogbruk. Omdisponering til landbruksjord vert brukt som argument, ofte nokså usannsynleg at dette skjer i realiteten.

Etter hogst har dei fleste skogeigarane sett av skogfond – midlar som skal nyttast til nye investeringar i skogen. I realiteten veks totalbeløpet av inneståande skogfond inni himmelen no for tida, i gjennomsnitt står skogfondet i 12 år på kontiane. Dette er også eit teikn på manglande satsingsvilje.

Kva skal til for at fleire skogeigarar forstår verdien av langsiktige og vedvarande investeringar i skogen? Dette vil vi diskutere med formidlingsekspertane frå det regionale skogselskapet vårt og Skogkurs.

Påmelding her eller i høgremargen.

Program

Statsforvaltaren  

Velkomen

Dirk Kohlmann 

fagdirektør skog, tre og grøne verdiar

9.00 – 9.05

Skogselskapet i Sogn og Fjordane

Korleis engasjere skogeigarar i Vestland? Kva gjer Skogselskapet, og kva kan kommunane gjere for å auke motivasjonen til skogeigarane? 

Ruben Rundsveen Bøtun

dagleg leiar

9.05 – 9.25

Skogkurs - Aktivt skogbruk

Skogkurs gjennomfører mange kurs i løpet av eit år, også på Vestlandet. Praktiske døme frå skogen – kva må vi gjere meir av, kva fungerer godt?

Eivind Lien

kursinstruktør

9.25 – 9.50

Innspel, tilbakemeldingar, spørsmål

 

9.50 – 10.00

 

Påmelding og praktisk informasjon

Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Webinarane varer normalt 45-60 minuttar. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane. Spørsmål sendast inn via chat og vert svart på direkte av innleiarane eller av chatansvarleg.

Dato:
25. april 2023 09:00 - 10:00
Stad:
Digitalt møte/Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men opent for eksterne deltakarar også.
Praktiske øvingar i eit plantefelt
Opplæring i plantetelling på Voss Foto: Torleiv Skage / Statsforvaltaren i Vestland.