Webinar om bustadsosiale handlingsplanar (tredje i serie)

Dato:
23. mars 2023 09:00 - 11:00
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
Påmeldingsfrist:
22. mars 2023 23:59
Illustrasjonsbilete av framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024), to born som leikar.
Ill.bilete: framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer ein serie med webinar for å støtte kommunane i arbeidet med å utarbeide eller revidere bustadsosiale handlingsplanar. Tema for tredje webinar i serien vil vere målsettingar, strategiar og tiltak i bustadsosial planlegging. 

Publisert 10.02.2023

Påmelding skjer i skjema under.

Program

Det blir mellom anna innlegg frå fleire kommunar:

  • Bustadpolitisk handlingsplan 2022-2035 i Stad kommune
    v/Arild Vonheim, rådgjevar i Stad kommune, Strategi og samordning

  • Kommunal bustadplan – hvordan planlegge for trygge og gode bustader i Alver kommune?
    v/Trude Langedal, samfunnsplanlegger i Alver kommune

  • Strategiar og oppdrag for det bustadsosiale arbeidet i Øygarden kommune
    v/Kristina Espeseth, samfunnsplanleggjar i Øygarden kommune

Om webinar-serien

Gjennom webinar-serien er målet å gje kommunane auka kompetanse om korleis nasjonale føringar og kommunanes overordna planar (planstrategi og kommuneplanens samfunnsdel og arealdel) kan gje føringar for utarbeiding av bustadsosiale handlingsplaner.

Kunnskapsgrunnlag, korleis organisere planarbeidet og korleis gå frå plan til gjennomføring via økonomiplan og budsjett, vil og vere tema. Vi vil òg sjå nærare på korleis Husbankens økonomiske verkemiddel kan bidra til å løyse kommunanes utfordringar på dette området. 

FNs berekraftsmål, «Nasjonale forventninger om regional og kommunal planlegging 2019-2023» og den nasjonale strategien for ein sosial bustadpolitikk «Alle trenger et trygt hjem 2021-2024» legg alle vekt på behovet for sosial berekraft i bustadpolitikken. Det inneber behov for å planleggje for bustadar for alle, òg dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden som til dømes eldre, funksjonshemma, vanskelegstilte barnefamiliar, bustadlause m.fl. 

I utkast til ny Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet (St. prop. 132 L 2021-2022) vil kommunane mellom anna verte pålagt å ta slike bustadsosiale omsyn i planlegginga.

Påmelding webinar 23. mars 2023

Dato:
23. mars 2023 09:00 - 11:00
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
Påmeldingsfrist:
22. mars 2023 23:59

Kontaktpersonar