Kurs i akuttmedisin Helse Førde

Dato:
8. mars 2023 08:30 - 9. mars 2023 15:30
Stad:
Helse Førde, auditoriet 2. etg
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
1. mars 2023 08:30

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2023 og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 26.01.2023

Påmelding og informasjon finn du i Læringsportalen til Helse Førde.

Registrer ny brukar med ekstern profil

Om du har intern tilgang til Helse Førde sin Læringsportal frå tidlegare, må du ikkje melda deg på kurset via denne tilgangen. Tilgangen blir stengt ved kurstidspunktet, og du vil derfor ikkje få viktig informasjon og dokumentasjon for gjennomføring av kurset. Registrer deg på ny med ekstern profil (sjå rettleiing), men skriv berre inn fødselsdato (ikkje heile fødselsnummeret). Systemet godtek ikkje to profilar som viser til same fødselsnummer.

Som tilsett i kommunehelsetenesta må du velja kommunesektor Sogn og Fjordane under «organisasjon» for å få tilgang til rett kurs. Kurset finn du i kurskatalogen. Utfyllande informasjon om kurset og korleis du loggar på læringsportalen finn du på Helse Førde si heimside

Obligatorisk forkurs

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin før oppmøte. Lenka til kurset ligg under "kursets målbeskrivelse" i Læringsportalen til  Helse Førde. 

Reiseutgifter

Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting ved behov. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Du må sjølv legga ut for dette, og skriva det på reiserekninga. Statsforvaltaren dekkar overnatting mellom kursdagane til dei med meir enn ein time reiseveg. Det er reservert rom hjå Scandic Sunnfjord Hotel og Spa. Dekking av overnatting dagen før kursstart må avklarast med Statsforvaltaren.

Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning. 

Dato:
8. mars 2023 08:30 - 9. mars 2023 15:30
Stad:
Helse Førde, auditoriet 2. etg
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
1. mars 2023 08:30