Grunnopplæring i kvalifiseringsprogrammet

Dato:
27. januar 2023 09:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som er nye i arbeidet med kvalifiseringsprogrammet og andre i Nav-kontor som er interesserte
Påmeldingsfrist:
25. januar 2023 12:00

På denne samlinga går vi gjennom regelverket om kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønad. Kurset er aktuelt for dei som skal jobbe med kvalifiseringsprogrammet, og andre Nav-tilsette som har behov for grunnleggande kunnskap om denne tenesta.

Publisert 04.01.2023

Kvalifiseringsprogrammet er ei teneste etter sosialtenestelova som skal bidra til at personar som står langt frå arbeidsmarknaden får nødvendig oppfølging og inntektssikring.

Nav-tilsette som skal byrje å arbeide med kvalifiseringsprogrammet er hovudmålgruppa for denne samlinga, men andre Nav-tilsette er også velkomne til å delta.

Du må melde deg på via påmeldingsskjema under for å kunne delta. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Vi sender ut innkalling til Teams-møtet seinast klokka 08.30 same dag som kurset skal vere.

 

Dato:
27. januar 2023 09:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som er nye i arbeidet med kvalifiseringsprogrammet og andre i Nav-kontor som er interesserte
Påmeldingsfrist:
25. januar 2023 12:00

Lenkjer