Informasjonsmøte om planprosess for førebyggande planar på barn- og ungefeltet

Dato:
5. desember 2022 10:00 - 12:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt ut til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
Målgruppe:
Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre.
Påmeldingsfrist:
1. desember 2022 23:59

Statsforvaltaren, KORUS, RVTS, RKBU, NAPHA og KS vil våren 2023 invitere kommunane til å delta i ein planprosess, der målet er å hjelpe kommunane til å skape samanheng i planverket på førebyggingsfeltet. Vi inviterer dykk til eit uforpliktande møte for å gje meir informasjon. 

Publisert 24.10.2022, Oppdatert 24.10.2022

I planprosessen vil vi ha særleg merksemd på førebyggande arbeid retta mot barn, unge og foreldre.

Statsforvaltaren, kompetansemiljøa og KS vil gje samla råd

Implementering av nye tiltak, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren, kompetansemiljøa og KS ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving i planprosessane er eit slikt grep. Sjå meir i invitasjonen som er sendt til alle postmottaka i kommunane i Vestland. 

Informasjon om dialog om planprosessen

I møtet vil vi gje informasjon om kva tema og innhald vi ser føre oss på dei ulike samlingane vi inviterer dykk til å delta på våren 2023. Vi vil òg presentere dei som vil bidra inn i arbeidet, og seie litt om kven det kan vere lurt å invitere med på dei ulike samlingane. Vi ønskjer også å nytte møtet til dialog, om kva behov de har og kva de ønskjer at vi skal rette særleg merksemd mot i samlingane.

Det vil også bli anledning til å stille spørsmål, slik at kvar kommune kan vurdere om dette er noko de ønskjer å delta på gjennom våren 2023. 

Dersom de har spørsmål før møtet kan de ta kontakt med Bente Cecilie Foss, som du finn under "Kontaktpersonar".

Praktisk informasjon

For å delta på møtet, må du melde deg på nedst på denne sida. Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet blir sendt ut 2. desember. 

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møte og kan delast med medarrangørar. Les meir om personvern under "Lenkjer".

Dato:
5. desember 2022 10:00 - 12:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt ut til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
Målgruppe:
Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre.
Påmeldingsfrist:
1. desember 2022 23:59