Samling for kommuneoverlegar i Vestland

Dato:
17. november 2022 11:30 - 18. november 2022 15:00
Stad:
Fretheim Hotel, Flåm
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
Påmeldingsfrist:
19. oktober 2022 23:59

Statsforvaltaren inviterer kommuneoverlegar, andre legar i samfunnsmedisinsk arbeid og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper til samling i Flåm 17.-18. november. Programmet er klart og du kan no melde deg på samlinga.  

Publisert 17.06.2022, Oppdatert 30.09.2022

Vi meiner dette er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylket, spesielt sett i lys av pandemien og dei utfordringane den har ført med seg for kommunane. 

Programmet finn du under «Dokument».

Vi søkjer om å få godkjent kurset med 8 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering i samfunnsmedisin og spesialistane si etterutdanning.

Praktisk informasjon

Samlinga er gratis, og vi dekker dagpakke og felles middag. Vi bestiller og dekker også hotellovernatting for dei med lenger reiseveg (meir enn 1 time). 

Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakke og eventuelt hotellrom. Frist for påmelding er sett til 19. oktober.  

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Skriv "0" om di verksemd ikkje har ressursnummer.

Treng du overnatting frå 17. til 18. november?
Deltek du på felles middag 17. november?
Dato:
17. november 2022 11:30 - 18. november 2022 15:00
Stad:
Fretheim Hotel, Flåm
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
Påmeldingsfrist:
19. oktober 2022 23:59