Nettverkssamling for ACT- og FACT-team

Dato:
5. oktober 2022 11:00 - 6. oktober 2022 13:30
Stad:
Hotel Norge by Scandic,Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og arbeidsgruppa for ACT- og FACT-nettverk i Vestland
Målgruppe:
tilsette i ACT- og FACT-team i Vestland
Påmeldingsfrist:
16. september 2022 23:59

Statsforvaltaren og arbeidsgruppa for ACT- og FACT-nettverket i Vestland inviterer til samling i Bergen 5.- 6. oktober. Målgruppe for samlinga er tilsette i ACT- og FACT-team i Vestland.

Publisert 17.06.2022, Oppdatert 19.08.2022

Vi legg opp til lunsj til lunsj-samling med fagleg påfyll, erfaringsdeling og sosialt samvær på Hotel Norge by Scandic i Bergen. Programmet finn du under «Dokument». Vi tek atterhald om eventuelle endringar.

Vi startar samlinga 5. oktober klokka 11.00 med registrering og lunsj. Sjølve programmet startar klokka 13.00. Vi avsluttar 6. oktober med lunsj klokka 13.00. 

Praktisk informasjon og påmelding

Statsforvaltaren dekker dagpakke og felles middag. For deltakarar med lang reiseveg, kan vi dekke overnatting etter nærare avtale. Ta kontakt med Astrid Tveit, som du finn under «Kontaktpersonar».

Reise og eventuell overnatting for dei med kort reiseveg, må teama organisere og betale sjølve.

Vi minner om at påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte, og ikkje avbestiller før påmeldingsfristen går ut, blir du fakturert for dagpakke, og eventuell middag og overnatting. 

Påmeldingsfrist er 16. september.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med medarrangør og konferansehotell. Du samtykker også til at namn og organisasjon står på deltakarliste vi deler ut. Les meir om personvern under «Lenkjer». 

Dato:
5. oktober 2022 11:00 - 6. oktober 2022 13:30
Stad:
Hotel Norge by Scandic,Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og arbeidsgruppa for ACT- og FACT-nettverk i Vestland
Målgruppe:
tilsette i ACT- og FACT-team i Vestland
Påmeldingsfrist:
16. september 2022 23:59

Kontaktpersonar

Lenkjer