Kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar

Dato:
4. oktober 2022 09:00 - 5. oktober 2022 15:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal, Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
15. september 2022 10:00

4.-5. oktober blir det kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta hausten 2022. Fristen for påmelding er 15. september.  

Publisert 13.05.2022, Oppdatert 03.10.2022

Det er venta at alle som har turnus i kommunale helse- og omsorgstenester hausten 2022 deltek. For å delta må du melde deg på i skjemaet nedst på sida. Frist for påmelding er 15. september. 

Tidsramme for samlinga er frå klokka 09.00 tysdag 4. oktober til klokka 15.00 onsdag 5. oktober. 

Reiserekning

Statsforvaltaren dekkjer opphald og reise etter rekning.

Reiseutgifter blir refundert gjennom at de sender reiserekning til oss i etterkant. Vi ber om at de så langt som råd, vel billegast mogleg transport. Reise med fly blir ikkje refundert. De kan reise med eigen bil, og la gjerne ein eller fleire kollega sitje på.

Det går båt frå Bergen til Sogndal om ettermiddagen den 3. oktober. De kan også reise med tog og buss frå Bergen til Sogndal og retur.

Sjå rettleiar for utfylling av reiserekning, som du finn under «Dokument».

Påmelding

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at vi kan dele informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer.» 

Dato:
4. oktober 2022 09:00 - 5. oktober 2022 15:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal, Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
15. september 2022 10:00