Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (2 av 4 i serie)

Dato:
14. september 2022 09:00 - 11:00
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
Påmeldingsfrist:
13. september 2022 23:59
Ill.bilete - Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.
Ill.bilete - Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD. Foto: Regjeringen/KMD.

Webinaret er det andre i ei rekke på fire webinar for kommunane i Vestland fylke, om bustad og tenester til personar med rus- og/eller psykiske helseutfordringar.

Publisert 17.06.2022

Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.

Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse.

Webinarserien består av fire webinar i perioden juni til desember 2022, og er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er ønskjeleg at kommunane deltek på alle fire webinar, men det er likevel høve til å delta på enkeltwebinar.

Kommunane får høve til å melda inn ønskje om tema vi bør komma nærare inn på gjennom webinara. Det er også høve til å ta kontakt med statsforvaltaren dersom kommunen ønskjer kontakt for samarbeid om utfordringar i eigen kommune.

Påmeldingsskjema til webinaret er nedst på denne sida, påmeldingsfrist 13. september.

Program 14. september kl 9-11

Tema: Brukarmedverknad som ressurs

  • Innleiing v/Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar, Statsforvaltaren i Vestland.

  • Tankar rundt refleksjonsspørsmålet frå forrige gong:
    «Kva einingar i kommunen samarbeidar i dag om bustad og tenester til rusavhengige? Er det andre einingar som skulle vore involverte, evt på kva måte?» v/tre kommunar

  • Korleis hente ut ressursar i møte med menneske? v/RIO - en landsdekkende brukerorganisasjon på rusfeltet

  • Housing First, ein brukerstyrt bustad- og oppfølgjingsmetode v/Kinn kommune

  • Oppfølging på brukarane sine premisser v/Inger-Lise Skog Hansen, seniorforskar ved FAFO (Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning)

  • Vegen vidare v/statsforvaltaren og NAPHA

 

Kontaktpersonar:

Jorunn Fotland, Statsforvaltaren i Vestland, e-post: jofot@statsforvalteren.no, tlf 994 80 414
Astrid Tveit, Statsforvaltaren i Vestland, e-post:  fmsfatv@statsforlvalteren.no tlf. 57643173
Anne B. Fjelnseth, NAPHA, e-post: anne.fjelnseth@samforsk.no, Tlf 906 47 313

Påmelding webinar 14. september 2022

Dato:
14. september 2022 09:00 - 11:00
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
Påmeldingsfrist:
13. september 2022 23:59