Regionalt innspelsmøte om ny opptrappingsplan for psykisk helse

Dato:
6. september 2022 12:00 - 15:15
Stad:
Scandic City, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
brukar- og pårørandeorganisasjonar, brukarråd, kommunar, helseføretak og kompetansesenter
Påmeldingsfrist:
23. august 2022 23:59

På vegner av Helse- og omsorgsdepartementet inviterer Statsforvaltaren i Vestland til regionalt innspelsmøte.

Publisert 24.06.2022, Oppdatert 17.08.2022

Regjeringa har starta arbeidet med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse. Planen skal omfatte heile det psykiske helsefeltet. Representantar frå den politiske leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet vil delta i møte.

Målet med møtet

Innspelsmøtet skal bidra til god forankring, engasjement og forståing for arbeidet, og sikre at relevante aktørar har blitt høyrt i prosessen. Det er ønskje om innspel frå relevante aktørar om utfordringar på feltet, om mål, tiltak, verkemiddel og gode eksempel innan hovudområda i planen. Du kan lesa meir om opptrappingsplanen på regjeringa si heimeside og i programmet.   

Påmelding

Det er plass til 200 deltakarar. Dersom det vert fleire påmelde enn det er plass til, vil vi prioritere kven som kan få delta.

Påmeldingsskjema

Dato:
6. september 2022 12:00 - 15:15
Stad:
Scandic City, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
brukar- og pårørandeorganisasjonar, brukarråd, kommunar, helseføretak og kompetansesenter
Påmeldingsfrist:
23. august 2022 23:59