Møte om samarbeid, samordning og barnekoordinatorordninga

Dato:
30. september 2022 09:00 - 12:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommunedirektørar, kommunalsjefar, leiarar og tilsette ved dei koordinerande einingane i kommunane i Vestland
Påmeldingsfrist:
28. september 2022 23:59

Nye lovføresegner om samarbeid og samordning av velferdstenester gjeld frå 1. august. Vi inviterer kommuneleiing, leiarar og tilsette ved dei koordinerande einingane i kommunane til digitalt møte om dette 30. september.

Publisert 19.08.2022

Vi vil ha særleg merksemd på koordinerande eining sine oppgåver knytt til barnekoordinatorordninga.

Kommunen pliktar å utpeike barnekoordinator for familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, sjå helse- og omsorgstenestelova paragraf 7-2 a. 

Det er koordinerande eining som har ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av barnekoordinatorane, sjå helse- og omsorgstenestelova paragraf 7-3.

Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet har samarbeida om ein tverrsektoriell rettleiar om lovendringane. Den vart publisert 15. september 2022. Vi oppmodar alle om gjere seg kjende med rettleiaren.

I møtet vi vil gå gjennom lovendringane og den nye rettleiaren, og vi vil ta i mot spørsmål og leggje til rette for drøfting av aktuelle problemstillingar. Sende gjerne inn spørsmål på førehand. 

Meir informasjon om lovendringane finn du i Prop. 100 L (2020-2021) på regjeringa si nettside.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
30. september 2022 09:00 - 12:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommunedirektørar, kommunalsjefar, leiarar og tilsette ved dei koordinerande einingane i kommunane i Vestland
Påmeldingsfrist:
28. september 2022 23:59