Kurs om tvungen somatisk helsehjelp (kapittel 4A) for helsepersonell i kommunal helse- og omsorgsteneste
- Dato:
- 22. september 2022 12:00 - 15:00
- Stad:
- Teams - lenke blir sendt påmeldte deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Helsepersonell i kommunar i Vestland fylke
- Påmeldingsfrist:
- 16. september 2022 23:59
Vi inviterer til digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A for helsepersonell som yter helsehjelp i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Statsforvalteren i Vestland inviterer helsepersonell som jobbar i fylkets kommunale helse- og omsorgsteneste til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.
Førebels program:
- Når er det aktuelt å vurdere om ein skal gjere vedtak?
- Gjennomgang av vedtaksskjema med fokus på vanskelege punkt
- Innsendte problemstillingar
- Gjennomgang av case
Vi har 300 plassar. Vi tilrår særleg at helsepersonell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på
Vi oppfordrar dykk til å sende inn problemstillingar på førehand. Fristen er 16.09.2022. Problemstillingar kan sendast til Kristine Mjelstad (trykk på namnet under «Kontaktpersonar» for å få opp e-postadresse). Skriv «Problemstillingar til kurs for kommunale helse- og omsorgstenester» i emnefeltet.
Endeleg program blir lagt ut her når det er klart.
- Dato:
- 22. september 2022 12:00 - 15:00
- Stad:
- Teams - lenke blir sendt påmeldte deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Helsepersonell i kommunar i Vestland fylke
- Påmeldingsfrist:
- 16. september 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Martin Haugen
Tlf: 55 57 22 21 -
Kristine Mjelstad
Tlf: 55 57 22 50