Barnevernsleiar- og læringsnettverkskonferanse

Dato:
21. september 2022 09:00 - 22. september 2022 15:00
Stad:
Bergen/Flesland
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette som er involvert i utviklingsarbeid i barnevernstenesta, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernsfeltet i Vestland
Påmeldingsfrist:
11. september 2022 23:59

Samlinga er for barnevernsleiarar og de som arbeider med utviklingsarbeid i barnevernsteneste. Påmeldinga er open og programmet er klart. 

Publisert 10.06.2022, Oppdatert 19.09.2022

På samlinga vil alle dei pågåande utviklingsprosjekta i læringsnettverket presentere sitt arbeid. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, KS, utdannings- forskings- og kompetansemiljøa på barnevernfeltet, Statsforvaltaren og Bufetat vil halde innlegg. I tillegg vil styringsgruppa for læringsnettverket legge til rette for faglege drøftingar. 

Vi i styringsgruppa håpar at samlinga vil bli ein arena der de får fagleg påfyll. Vi håpar òg at de vil få inspirasjon til eige utviklingsarbeid og gode drøftingar med kollegaer frå heile fylket. 

Endeleg program er no klart, vi tek atterhald om at det kan komme endringar. 

Konferansen er gratis for personane som er i målgruppa for konferansen, vi dekkjer også middag og overnatting. Reise til og frå samlinga dekkjer kommunane sjølv. Vi gjer merksam på at dersom det vert fleire påmeldte enn det vi har plassar til, vil vi sette eit tak på kor mange som kan delta frå kvar teneste. De som har lang reiseveg og må komme dagen før, kan sende ein e-post til arrangør slik at vi kan gjere ei vurdering av om vi kan dekkje utgifter til overnatting frå 20.-21. september.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik her.

Dato:
21. september 2022 09:00 - 22. september 2022 15:00
Stad:
Bergen/Flesland
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette som er involvert i utviklingsarbeid i barnevernstenesta, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernsfeltet i Vestland
Påmeldingsfrist:
11. september 2022 23:59