Konferanse - Ein bustad for heile livet

Dato:
31. mai 2022 10:00 - 15:30
Stad:
Scandic City Bergen og digitalt
Arrangør:
Senteret for et aldersvennlig Norge, Statsforvaltaren i Vestland, KS Vestland og Husbanken
Målgruppe:
kommunedirektørar/rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar, utbyggjarar og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
16. mai 2022 23:59

Bustadkonferansen «Ein bustad for heile livet» blir arrangert 31. mai i Bergen.  Merk at du kan melde deg på digital deltaking heilt fram til 29. mai.

Publisert 14.02.2022, Oppdatert 08.04.2022

Det blir direktesending av konferansen, og den kan du følgje via denne lenkja frå klokka 10.30. 

Vi inviterer til konferanse om aldersvenleg bustadbygging. På konferansen vil vi rette merksemda på behov, moglegheiter og løysingar som gjer at den einskilde kan bu lenger i eigen bustad. Vi vil mellom anna få gode døme frå kommunar som har jobba godt med desse problemstillingane. Dette kan inspirere til utvikling av nye bustadløysingar i kommunane i heile landet. Temaet er sentralt i Leve heile livet-arbeidet.

Sjå heile programmet, som du finn under «Dokument». Vi startar med registrering klokka 10.00 og programmet startar 10.30. 

Praktisk informasjon og påmelding

Konferansen er gratis å delta på, anten du deltek fysisk eller digitalt. Lunsj blir servert deltakarane som deltek i Bergen, og her er det også bindande påmelding. Fristen for avmelding er 16. mai. Om du skal melde deg av, så kan du sende ein e-post til Siri Erdal. Eventuell reise og overnatting må deltakarane ordne sjølve.

Dei som melder seg på digital deltaking, får tilsendt oppkoplingslenkje i løpet av måndag 30. mai. 

Invitasjon blir sendt til kommunar, fylkeskommunar og andre statsforvaltarar.  

Dato:
31. mai 2022 10:00 - 15:30
Stad:
Scandic City Bergen og digitalt
Arrangør:
Senteret for et aldersvennlig Norge, Statsforvaltaren i Vestland, KS Vestland og Husbanken
Målgruppe:
kommunedirektørar/rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar, utbyggjarar og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
16. mai 2022 23:59