Seminar om utviklingsarbeid på fosterheimsområdet

Dato:
17. mars 2022 09:00 - 15:00
Stad:
Teams (digital samling)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland.
Målgruppe:
Leiarar og tilsette frå barnevernstenestene, prosjektgruppene, KS, Bufetat, brukarorganisasjonar og kompetansemiljøa
Påmeldingsfrist:
14. mars 2022 23:59

Læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland inviterer alle som er interessert i utviklingsarbeid på fosterheimsområdet til digital samling. Påmeldingsfristen er forlenga til 14. mars og endeleg program er no klart.

Publisert 24.02.2022, Oppdatert 11.03.2022

Kommunane har fått nye oppgåver på fosterheimsområdet og mange av kommunane i Vestland samarbeider om ulike utviklingsprosjekt på feltet. Samlinga tek sikte på å bidra til erfaringsutveksling mellom prosjekta, og inspirere endå fleire kommunar i sitt utviklingsarbeid på forsterhjemsfeltet. Dei seks pågåande utviklingsprosjekta vil fortelje om sine prosjekt og seie litt om kva dei har erfart så langt.

Samlinga skal også vere ein stad der ein kan etablere kontakt med andre kommunar og kompetansemiljø som ynskjer å samarbeide om utviklingsarbeid.

På samlinga vil Bufetat mellom anna informere om sitt arbeid med rekruttering av fosterheimar i slekt og nettverk, og familieråd. Vi har også invitert RKBU Vest til å informere om eit nytt kurstilbod dei har utvikla på fosterheimsfeltet. Høgskulen på Vestlandet v/ Hege Sundt og advokat Roar Vegsund vil halde innlegg om samvær og vurdering av tilbakeføring i kjølvannet av EMD dommane. 

Styringsgruppa vil informere om planlagde aktivitetar i læringsnettverket og fristar for å søke om nye tilskotsmidlar. Det vil òg bli høve til å stille spørsmål kring utviklingsarbeid til Bufetat, Statsforvaltaren og kompetansemiljøa. 

Praktisk informasjon

For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida. Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet blir sendt ut 15. mars.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møte og kan delast med medarrangørar. Les meir om personvern her.

Dato:
17. mars 2022 09:00 - 15:00
Stad:
Teams (digital samling)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland.
Målgruppe:
Leiarar og tilsette frå barnevernstenestene, prosjektgruppene, KS, Bufetat, brukarorganisasjonar og kompetansemiljøa
Påmeldingsfrist:
14. mars 2022 23:59