Digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre

Dato:
24. mars 2022 09:00 - 15:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med læringsnettverket for barnevernstenestene
Målgruppe:
Alle i Vestland som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag
Påmeldingsfrist:
21. mars 2022 23:59

Tema for samlinga blir førebygging, tverrfagleg samarbeid og teneste- og tiltaksutvikling på tvers av tenesteområde og kommunegrenser. Endeleg program er klart, og påmeldingsfristen er 21. mars.

Publisert 10.02.2022, Oppdatert 15.03.2022

Målet for samlinga er å gje god informasjon og inspirasjon til å skape endå betre og meir heilskaplege tenestetilbod til barn, unge og foreldre som treng det.

Barnevernsreforma, også kalla oppvekstreforma, som trådte i kraft 1. januar gjer at kommunane må tenke meir heilskapleg kring det førebyggjande arbeidet med barn og unge. For å lukkast med dette må alle som arbeider med tenester og tiltak til barn og unge snakke saman. 

Vi vil invitere kommunar til å dele erfaringar med å jobbe på tvers av tenesteområde og godt førebyggjande arbeid. 

Les meir i programmet som du finn under «Dokument».

Praktisk informasjon

For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida. Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet blir sendt ut 22. mars.

Målgruppa er alle som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag, som tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, kommunepsykologar, fastlegar, familDigitalietenesta, Nav, rehabilitering, heimetenesta, BUP, flyktningtenesta og alle andre tenester og tiltak retta mot utsette barn og unge, hjelpetiltak, tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møte og kan delast med medarrangørar. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
24. mars 2022 09:00 - 15:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med læringsnettverket for barnevernstenestene
Målgruppe:
Alle i Vestland som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag
Påmeldingsfrist:
21. mars 2022 23:59

Lenkjer

Dokument