Informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung

Dato:
8. februar 2022 09:00 - 11:00
Stad:
Webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner
Bilete under vatn av ei teppedannande grå organisme.
Hamnespy er kolonidannande, dvs. ei samling av mange individ. Der den slår seg til, har den ei teppeliknade utbreiing som kveler andre organismar. Foto: Havforskningsinstituttet.

Statsforvaltaren invitere til informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung torsdag 8. februar. Møtet blir digitalt. 

Publisert 21.01.2022

Rogaland og Vestland har fått ein ny marin framand art som potensielt kan skape problem for norsk marin flora og fauna. Arten Didemnum vexillum er eit kolonidannande sekkdyr som kjem frå Japan og har fått tilnamnet havnespy.

Havnespy vart først oppdaga i Noreg i Engøysundet i Stavanger i slutten av 2020, og seinare i Haugesund/Karmøy-området. No er den oppdaga fleire stader i området rundt Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen. Det er grunn til å tru at den òg kan finnast fleire stader langs kysten enn der den har blitt funnen så langt.

Havnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen. 

Invitasjon til informasjonsmøte

Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer å informere industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner på vestlandet om arten og den trugselen den kan representer. Vi inviterer difor til eit felles informasjonsmøte på teams tysdag 8. februar 9.00 - 11.00. 

Kort om programmet

Havforskningsinstituttet vil informere om kva havnespy er, kvar er den funnen tidlegare, kvifor den er ein trugsel, korleis arten spreier seg og kva kan gjerast for å hindre spreiing. 

Statsforvaltaren vil snakke om forvaltningas rolle i denne type saker, kva ansvar har ein om ein oppdagar havnespy. 

Påmeldingsfrist: 4. februar.

Webinaret er gratis. 

Du får tilsendt lenkje til møtet i forkant av webinaret. Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg for deltakarne i etterkant av møtet. 

Dato:
8. februar 2022 09:00 - 11:00
Stad:
Webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner