Webinar om bustad og tenester

Dato:
9. desember 2021 13:00 - 14:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First
Illustrasjonsfoto: Husbanken
Illustrasjonsfoto: Husbanken Foto: Husbanken.

Metoden Housing First handlar om hjelp til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk helse, til eigen bustad og ambulant oppfølging. Tredje del i ein serie frittståande og gratis webinar om metoden blir arrangert 9. desember kl. 13.00–14.30. 

Publisert 22.11.2021

Webinaret blir arrangert i eit samarbeid mellom Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland. 

Det er planlagt i alt åtte webinar i perioden september 2021 til juni 2022. Kvart webinar er frittståande og det krevst ingen forkunnskap for å delta. 

Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik blir med på webinaret. Han vil både inspirere og informere om tema som er relevante innanfor Housing First-arbeid og boligsosialt arbeid generelt.

Tema og innhald

  • Prinsipp 2 - deltakarstyring

  • Prinsipp 5 - møte deltakarane med varme og respekt

  • Prinsipp 6 - deltakarane får tenester så lenge det er nødvendig

I tillegg vil Housing First Bergen fortelje om kva dei gjer i tilfelle der deltakarar raserer leiligheiter og bryt leigekontrakten.

Påmeldingsskjema og program finn du på nettsidene til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før. 

Påmeldingsfrist: 7. desember 2021.

Dato:
9. desember 2021 13:00 - 14:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First