Kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar

Dato:
9. november 2021 09:00 - 10. november 2021 11:15
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Arrangør:
Statsforvaltaren
Målgruppe:
Turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar som har teneste i kommunane hausten 2021
Påmeldingsfrist:
20. oktober 2021 23:59

9. - 10. november blir det kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar. Programmet er no klart. 

Publisert 13.09.2021, Oppdatert 22.10.2021

Det er ønskjeleg at alle som har turnus i kommunale helse- og omsorgstenester hausten 2021 deltek. For å delta må du melde deg på via skjemaet under. Frist for påmelding er 20. oktober. 

Møtestad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Møtetidspunkt

  • Tysdag 9. november frå 09.00 til 16.00
  • Onsdag 10. november frå 08.30 til 11.15

Programmet finn du under «Dokument».

Reiserekning

Reiseutgifter blir refundert gjennom at de sender reiserekning til oss i etterkant. Vi ber om at de så langt som råd, vel billegast mogleg transport. De kan reise med eigen bil, og ta gjerne med ein kollega.

Sjå rettleiar for utfylling av reiserekning, som du finn under «Dokument».

Covid-19

Vi minner om grunnleggande råd for smittevern. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør for å avbestille. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittevern. Les meir om smittevernråda hos Folkehelseinstituttet.

Dato:
9. november 2021 09:00 - 10. november 2021 11:15
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Arrangør:
Statsforvaltaren
Målgruppe:
Turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar som har teneste i kommunane hausten 2021
Påmeldingsfrist:
20. oktober 2021 23:59