Fagdag for lærarar og sensorar i engelsk i grunnskulen

Dato:
18. november 2021 09:00 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Lærarar i engelsk, norsk og matematikk på ungdomstrinnet

Vi inviterer til fagdagar for lærarar og sensorar i matematikk, engelsk og norsk i grunnskulen.

Publisert 25.10.2021

Fagdagane blir gjennomført i samarbeid med prøveutviklarane for eksamen. Målgruppa for fagdagane er lærarar i engelsk, norsk og matematikk på ungdomstrinnet.

Tema for fagdagane

Overordna tema for dagane er læreplanforståing og eksamen, og innhaldet vil bli delt i tre hovudbolkar:

  • Læreplanforståing
  • Ny eksamen i faga
  • Vurdering

Datoar

  • Matematikk: måndag 15. og tysdag 23. november. Frist for påmelding 9. november.
  • Engelsk: tysdag 16. og torsdag 18. november. Frist for påmelding 10. november.
  • Norsk: onsdag 1. desember og tysdag 14. desember. Frist for påmelding 24. november.

Påmelding

Påmelding skjer via Statsforvaltaren si heimeside. De finn lenke til påmelding i menyen på høgre side.

Kvar lærar vel den datoen som passar best for eigen del. For å gi mange lærarar sjanse til å delta, blir fagdagane gjennomført digitalt. Alle lærarar som vel å delta, må stille med eigen pc.

Om de skulle ha spørsmål, kan de ta kontakt med Wenche Rand Øyre på 57643108 eller weroy@statsforvalteren.no

Dato:
18. november 2021 09:00 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Lærarar i engelsk, norsk og matematikk på ungdomstrinnet