Webinar om bustad og tenester

Dato:
23. september 2021 13:00 - 14:15
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
Målgruppe:
Leiarar og fagpersoner i kommunane, deltakarar, pårørande og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
20. september 2021 23:59
Illustrasjonsfoto: Husbanken
Illustrasjonsfoto: Husbanken Foto: Husbanken.

Metoden Housing First handlar om hjelp til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk helse, til eigen bustad og ambulant oppfølging. Første del i ein serie frittståande og gratis webinar om metoden blir arrangert 23. september kl. 13.00–14.15. 

Publisert 15.09.2021

Webinaret blir arrangert i eit samarbeid mellom Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland. 

Det er planlagt i alt åtte webinar i perioden september 2021 til juni 2022. Kvart webinar er frittståande og det krevst ingen forkunnskap for å delta. 

Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik blir med på webinaret. Han vil både inspirere og informere om tema som er relevante innanfor Housing First-arbeid og boligsosialt arbeid generelt.

Tema og innhald:

  • Prinsippa i Housing First v/Anne B. Fjelnseth (NAPHA)
  • Erfaringar frå Housing First v/Rokus Loopik (Nederland)
  • Oppsummering av rapporten "Housing First Odense - en undersøgelse av indsatsens resultater og økonomiske aspekter" (VIVE 2020) v/Hermund Urstad (Husbanken)

Påmeldingskjema og program finn du her: 
https://napha.no/content/25165/digital-opplaring-i-housing-first

Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før. 

Påmeldingsfrist: 20. september 2021

Dato:
23. september 2021 13:00 - 14:15
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
Målgruppe:
Leiarar og fagpersoner i kommunane, deltakarar, pårørande og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
20. september 2021 23:59