Regelverkssamling om meldeplikt til barnevernet

Dato:
26. august 2021 09:00 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren v/Synne Skaug
Målgruppe:
Skuleeigarar, barnehagemyndigheit, rektorar og styrarar

Vi inviterer deg til regelverkssamling om meldeplikta til barnevernstenesta. Målgruppa for samlinga er skuleeigarar, barnehagemyndigheit, rektorar og styrarar.

Publisert 09.06.2021

Tidspunkt for samlinga: 26. august 2021 kl. 09.00 – 11.00.

Tema for samlinga blir:

  • Det rettslege innhaldet i barnehagelova § 46 og opplæringslova § 15-3 (meldeplikt til barnevernstenesta)
  • Statsforvaltaren si behandling av klager på meldingar til barnevernet

Samlinga skal bidra til lik forståing og praktisering av regelverket.

Samlingane blir gjennomførte på Teams. Innkallinga vil bli sendt til e-postadressa til dei som melder seg på. Møtet har ei øvre grense på 250 deltakarar, og vi legg opp til førstemann til mølla. Dette kan føre til at vi må kutte ned på tal deltakarar, til dømes frå den enkelte kommune. I så tilfelle vil de få beskjed om dette.

Dei som ønsker å sende inn spørsmål i forkant kan skrive dei inn i påmeldingsskjemaet, eller sende dei på e-post til kontaktpersonen: syska@statsforvalteren.no. Du finn påmeldingsskjema i høgre marg.

Påmeldingsfrist: 13. august 2021.

Vel møtt!

Dato:
26. august 2021 09:00 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren v/Synne Skaug
Målgruppe:
Skuleeigarar, barnehagemyndigheit, rektorar og styrarar

Kontaktpersonar

Lenkjer