Webinar om tilskot til drenering av jordbruksjord

Dato:
16. juni 2021 12:00 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
 Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane 
Påmeldingsfrist:
15. juni 2021 23:00

Landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland arrangerer webinar 16. juni retta mot sakshandsamarar i kommunen om tilskotsordninga drenering av jordbruksjord. 

Publisert 03.06.2021

Føremålet med dreneringsordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, og å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Jordbruksjorda i Vestland er prega av eit vått klima som gjer at fleire bør få drenert jorda si. Drenering har mange fordelar, og er både viktig for jordstruktur og vekstvilkår for plantene, for å få utnytta husdyrgjødsla på best mogleg måte, for å redusere køyreskader og klimagassutslepp. Kostandane ved å drenere vestlandsjorda er høg, slik at dreneringsordninga ofte ikkje utgjer eit reelt insentiv for bøndene.

Vi ønskjer gjennom dette webinaret å sjå på korleis ordninga fungerer i Vestland sett opp mot rammene og regelverket i ordninga. Kommunane Askvoll og Fjaler vil deler av sine erfaringar med forvaltnings av ordninga. I tillegg har vi med oss Nanna Bergan og Johan Kollerud frå Landbruksdirektoratet, som m.a. vil gå gjennom delar av regelverket. Vi legg opp til diskusjon og innspel frå deltakarane.

Tema: Drenering av jordbruksjord i ei vestlandsk verkelegheit.

Påmeldingsfrist: 15. juni.
Webinaret er gratis.

Du får tilsendt lenke til møtet i forkant av webinaret.

 

 

Påmelding - webinar om drenering av jordbruksjord

Dato:
16. juni 2021 12:00 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
 Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane 
Påmeldingsfrist:
15. juni 2021 23:00