Samling om ny integreringslov

Det er vedteke ei ny integreringslov. Lova gjeld frå 1. januar 2021 og skal syte for at innvandrarar blir tidleg integrert i det norske samfunnet, og blir økonomisk sjølvstendige.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.02.2021

Statsforvaltaren i Vestland skal ha ei sentral rolle i å rettleie kommunane om ny integreringslov og tilhøyrande forskrifter. Målet med rettleiinga er å gje kommunane kompetanse om det nye regelverket, for å sikre at deltakarane får oppfylt sine rettar etter lova.

Vi planlegg å arrangere to digitale samlingar om den nye integreringslova i år. Tema for den første samlinga er ein gjennomgang av reglane i ny lov. I den andre samlinga vil vi gå nærare inn på utvalde problemstillingar, og kommunane vil få høve til å kome med innspel til tema til denne samlinga.

Den første samlinga blir gjennomført torsdag 18. mars 2021 frå 09.00 til 12.00 på Teams.

Samlinga vil vere relevant for sektorleiarar, einingsleiarar og programrådgjevarar. Vi set i utgangspunktet ikkje eit tak for kor mange som kan delta frå kvar kommune, men ved mange påmelde kan dette bli nødvendig.

Endeleg program blir sendt ut i god tid før samlinga.

Frist for påmelding er 24. februar 2021. Lenkje til påmelding finn de i høgre marg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.