Dialog SKOG 2/2021 - ALLMA, eit verktøy for skogforvaltning

Dato:
3. mars 2021 09:00 - 10:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren si landbruksavdeling i samarbeid med AT Skog
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.
Påmeldingsfrist:
3. mars 2021 07:00

Det er mange digitale verktøy tilgjengelege som er gode hjelparar i arealforvaltninga. ALLMA er utvikla av skogeigarlaga og er eit spesialtilpassa verktøy for skogforvaltning.

Publisert 28.01.2021

ALLMA er laga for skogeigarar og skogbruksleiarar, men kan og vere eit nyttig verktøy i offentleg forvaltning. Sakshandsamarar kan få svar på mange spørsmål, t.d. om eit skogbestand er hogstmodent, om det er ulike omsyn å ta ved hogst, kva slags standard det er på skogsvegen og kor det bør utførast ungskogpleie. 

I ALLMA ligg digitale skogbruksplanar for mange kommunar på Vestlandet.  

Dialog SKOG 2/21 er tenkt som ein kort introduksjon av ALLMA og kva slags moglegheiter dette verktøyet kan by på. Webinaret kan følgjast opp med opplæring for dei som har ønske og trong for det. 

Påmelding som vanleg via våre nettsider. 

Program: 

Statsforvaltaren  

Velkomen, køyrereglar for dette møtet   

Dirk Kohlmann  

Fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar   

9.00 – 9.05  

AT Skog SA

Allmasystemet: 

Bakgrunnoppbygging og nivå 

Bruk av Allma: 

Søkkartlagbestandtiltak og miljøinfo

Jon Bjarne Onsøien 

Seniorkonsulent 

09.05 - 10.00 

Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs  

 

10.00 – 10.15 

 

Påmelding Dialog SKOG nr.2/21 - 3.mars

Dato:
3. mars 2021 09:00 - 10:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren si landbruksavdeling i samarbeid med AT Skog
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.
Påmeldingsfrist:
3. mars 2021 07:00