AVLYST: Tidleg innsats – har vi råd til å la vere?

Dato:
18. november 2020 11:30 - 19. november 2020 12:30
Stad:
Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
teneste- og etatsleiarar for oppvekst, barnehage, skule, PPT, barnevern, Nav, helsestasjon og skulehelseteneste, rus og psykisk helse, barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar, krisesenter og familivernkontor

På grunn av smittesituasjonen blir konferansen om utsette barn og unge 18.-19. november avlyst. 

Publisert 10.09.2020

Vi arrangerer samling frå lunsj til lunsj, og på konferansen vil de mellom anna få høyre om:

  • unge sine erfaringar og tankar om kva som er nyttig
  • barn og unge sine behov og rettar – blir dei tatt godt nok hand om i kommunane?
  • historie frå ein kommune som har hatt ein femårig innsats mot barnefattigdom
  • utviklinga til barn og unge som er utsett for overgrep og vald
  • kvifor «alle må med»

Førebels program finn du under «Dokument». Det blir ikkje lagt opp til streaming av konferansen.

Påmelding

Konferansen er gratis og påmeldingsfristen er 4. november. Påmelde som ikkje deltek eller som ikkje melder seg av innan påmeldingsfristen blir fakturert for dagpakke. Dagpakken kostar 610 kroner per dag.

Alle deltakarar må bestille og dekkje reise og overnatting sjølve. Om du vil overnatte på  Scandic Ørnen kostar dette 1 290 kroner per natt. Ver venleg å oppgi referansenummer 47464470 til hotellet når du bestiller.

Hotellet følgjer myndigheitene sine krav til smittevern. Vi ber om at alle deltakarar også gjer dette, og at du held deg heime dersom du er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, mistenker at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19.

Dato:
18. november 2020 11:30 - 19. november 2020 12:30
Stad:
Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
teneste- og etatsleiarar for oppvekst, barnehage, skule, PPT, barnevern, Nav, helsestasjon og skulehelseteneste, rus og psykisk helse, barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar, krisesenter og familivernkontor