AVLYST: Fagdag for nye folkevalde – Bergen

Dato:
3. november 2020 09:30 - 16:00
Stad:
Scandic Ørnen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nye folkevalde i kommunane

Fylkesmannen har tradisjon for å gjennomføre fagdagar for nye folkevalde etter kvart kommuneval, der ein ser på fagområde som kommunane og Fylkesmannen i fellesskap har ansvar for.

Publisert 15.09.2020

Vi prøver på nytt å få arrangert desse dagane i år, sjølv om det no er ei stund sidan kommunevalet i 2019.

Vi vil presentere fagområde som kommunane og Fylkesmannen i fellesskap har ansvar for, og leggje vekt på tema som folkevalde vil møta i løpet av perioden. Tidlegare evalueringar viser at politikarane er opptekne av kva handlingsrom kommunen har, og kva utfordringar dei vil møte framover. Vi vil ha merksemd på dette mellom anna ved å orientere om samfunns- og arealplanlegging, kommuneøkonomi, klima, miljø og landbruk, lovverk, og nyheiter innanfor utdanning- og helse- og sosialområdet.

Vi arrangerer tre samlingar i Vestland. Aktuelle datoar og stad for frammøte er:

3. november : Scandic Ørnen, Bergen Sentrum
17. november : Scandic Voss (ved togstasjonen på Voss)
18. november : Thon Hotel Jølster, Skei i Sunnfjord

Program for samlinga finn du vedlagt. Samlinga er gratis for deltakarane.

Vi ber om at vi får ei påmeldingsliste med navn på deltakarar frå kvar kommune, og at det blir oppgjeve opplysningar på ein kontaktperson frå kvar kommune.

Når det gjeld smittevernomsyn i samband med Covid-19 er det sett inn ekstra reinhaldsrutinar på hotellaDei følgjer dei oppdaterte nasjonale råda og retningslinene, og vidare dei gjeldande bransjenormene. Vi alle har likevel eit personleg ansvar med å oppretthalde minimum ein meter avstand mellom deltakarane gjennom heile arrangementet, også i pausane. Det vert oppmoda om ekstra god handhygiene før, under og etter arrangementet, og handsprit vil vera tilgjengeleg som eit supplement. Du kan berre delta dersom du er frisk for sjukdom (feber, forkjøling, luftvegssjukdom og liknande).

Dato:
3. november 2020 09:30 - 16:00
Stad:
Scandic Ørnen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nye folkevalde i kommunane