Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
16. juni 2020 11:15 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Fylkesmannen
Målgruppe:
Rettleiarar i Nav, tilsette i barnevernstenesta og tilsette i kommunale oppfølgingstenester

Målet med basiskurset er å gje deltakarane kunnskap om å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver.

Publisert 29.05.2020

Grunna stor interesse for digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving den 10. juni, tilbyr vi kurset to gonger til. Vi opnar for fleire deltakarar og til ei større målgruppe.

Basiskurset er ein del av Fylkesmannens kursrekkje innan økonomisk rådgjeving, og det første kurset i ei rekkje på tre; basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

Kurset er digitalt og varer frå kl. 11.15 – 15.00. Program kjem.

Dette er kurset for deg som:

  • Arbeider i kommunale oppfølgingstenester (bustad, rus og psykisk helse)
  • Arbeider i barnevernstenesta
  • Arbeider med statlege oppgåver i Nav-kontor
  • Er nytilsett i Nav-kontor, eller treng heilt grunnleggjande kunnskap om økonomisk rådgjeving

Om du har delteke på grunn- eller vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen eller Sunniva T. V. Skogen. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar».

Kva nytteverdi har det å kunne noko om tenesta økonomisk rådgjeving?

Økonomisk rådgjeving er ein lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Tilsette i Nav-kontora og tilsette i tenester som samhandlar med Nav, må difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.

Mange kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset vil difor vere nyttig for deg som rettleiar i Nav-kontoret, i barnevernstenesta eller i kommunale oppfølgingstenester, sjølv om brukar ikkje er i kontakt med deg for å få økonomisk råd og rettleiing, men for anna oppfølging.

Etter kurset skal du ha:

  • kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem​
  • kunnskap om korleis du fangar opp brukarar med økonomiske bekymringar eller problem​
  • kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem ​
  • auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg ​
  • kunnskap og informasjon om tenesta økonomisk rådgjeving 
  • kjennskap til ulike tiltak – mellom anna utleggstrekk

For å få tilstrekkeleg kompetanse innan økonomisk rådgjeving, tilrår vi at Nav-tilsette og deltek på grunnkurs. Fylkesmannen i Vestland vil tilby grunnkurs til Nav-tilsette til hausten. Det vidaregåande kurset rettar seg mot Nav-tilsette som skal arbeide konkret med økonomisk rådgjeving. Det vert ikkje tilbod om slikt kurs i år.

Føredragshaldarar på kurset er Inger-Helene Søgnen og Sunniva T. V. Skogen frå Fylkesmannen i Vestland.

Kurset er digitalt, og vert streama via Teams. Vi opnar for dialog og spørsmål. Det er mogeleg med inntil 245 deltakarar på kurset. Dei som er påmeldt får tilsendt møteinnkalling på e-post med lenkje til teamsmøtet etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Dato:
16. juni 2020 11:15 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Fylkesmannen
Målgruppe:
Rettleiarar i Nav, tilsette i barnevernstenesta og tilsette i kommunale oppfølgingstenester

Kontaktpersonar