AVLYST: Regelverkssamling om forvaltningsrett i saker etter barnehagelova kap. 5 A - Førde

Dato:
5. mai 2020 10:00 - 14:00
Stad:
Statens hus, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Barnehagemyndigheita i kommunen/PPT-leiarar

Vi har gleda av å invitere barnehagemyndigheita og PPT-leiarar i kommunane i Vestland til samling om forvaltningsrett i saker etter barnehagelova kap. 5 A.

Publisert 11.02.2020

Fylkesmannen i Vestland vil denne våren halde tre regelverkssamlingar om forvaltningsrett i saker om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova § 19 a, og kommunal tilrettelegging etter barnehagelova § 19 g. Det blir særleg fokus på vedtak og sakkunnige vurderingar. Samlingane skal bidra til lik forståing og praksis av regelverket.

Opplegget vil vere det same alle dagane, og vi legg opp til førstemann til mølla når det gjeld påmelding til dei ulike datoane. Av omsyn til program og opplegg ønsker vi maks 20‐25 personar per samling. Det blir servert lunsj.

Meld deg på ei av desse samlingane:

Spørsmål som kan vere av interesse å ta opp i plenum, tek vi gjerne imot i forkant. Desse kan sendast til kontaktpersonen for samlingane på e-postadresse fmholin@fylkesmannen.no.

Påmeldingsfrist: 13. mars 2020

Det er bindande påmelding. Fylkesmannen i Vestland dekker utgifter til lokale og lunsj. Viss du har behov for overnatting, må dette bli ordna av kommunen sjølv. Programmet kjem seinare.

Dato:
5. mai 2020 10:00 - 14:00
Stad:
Statens hus, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Barnehagemyndigheita i kommunen/PPT-leiarar