Beit - ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt

Dato:
17. oktober 2019 11:00 - 18. oktober 2019 16:00
Stad:
Myrkdalen, Voss
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland, Myldring AS
Målgruppe:
Bønder, offentleg tilsette, kompetansemiljø, studenter, interesserte

BEIT-konferansen samlar nokre av dei klokaste og mest innovative folka innan utvikling av «klimasmarte gardar» til ein konferanse på Myrkdalen hotell på Voss. Fjøsbygg i tre og smarte løysingar i drifta frå inn- og utland vert presentert og diskutert. Vi treng eit taktskifte og eit felles løft i klimaarbeidet.

Publisert 11.10.2019

Kulturlandskapet på Vestlandet med dei pittoreske små kyst-, fjord- og fjellgardane gjer seg bra på turistane sine Instagram- og Facebook-bilete. Men desse gardane må bidra meir for å motarbeide klimaendringar og enkelt sagt, redde klimaet for komande generasjonar. Denne konferansen vil vere eit bidrag til meir handling (og mindre prating).

  1. Dyrevelferda? 

  2. Det driftsmessige – kva slags nye løysingar for betre fjøsdrift er tilgjengelege eller å forvente i nær framtid? Kva er uløyst? 

  3. Det finansielle – kva kostar eit klimasmart bygg? Er vedlikehaldet dyrt? Kven hjelper bonden med å finne den beste løysinga for akkurat denne garden?

  4. Kva er smarte løysingar elles på garden?  

Spikra program og lenkje til påmelding finn du under BEIT-konferansen 2019

Meld deg på no - det er nokre restplassar igjen!

Konferansen er delfinansiert av prosjektet «Tresatsinga i Vestland fylke 2019 – 21» som er eit samarbeid av Fylkesmannen i Vestland, Innovasjon Norge og Fylkeskommunene i Hordaland og Sogn og Fjordane. Konferansen vert støtta av Sparebanken Vest, Norsk Landbrukssamvirke, Kystskogbruket og Vossaverksemda Flor.
 
For meir info om påmelding og program: Synnøve Hokholt Sagafos, synnove@myldring.no 
Dato:
17. oktober 2019 11:00 - 18. oktober 2019 16:00
Stad:
Myrkdalen, Voss
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland, Myldring AS
Målgruppe:
Bønder, offentleg tilsette, kompetansemiljø, studenter, interesserte