Samling for PPT-leiarane i Hordaland og i Sogn og Fjordane
- Dato:
 - 18. september 2019 - 19. september 2019
 - Stad:
 - Bergen, Grand Hotel Terminus
 - Arrangør:
 - Fylkesmannen v/Hanne Melander og Helge Pedersen
 - Målgruppe:
 - PPT-leiarar
 
Tema for samlinga vil særleg dreie seg om læreplanfornying og PPT si rolla i framtida. Vi vil også drøfte andre aktuelle saker.
Fylkesmannen i Vestland inviterer med dette PPT-leiarane i kommunane og i fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane til samling 18. og 19. september 2019. Samlinga er lagt til Grand Hotel Terminus i Bergen.
Frå 1. januar 2019 blei fylkesmannsembeta til Fylkesmannen i Vestland, og frå 1. januar 2020 blir våre noverande fylkeskommunar til Vestland. Samlinga har også som siktemål at PPT-leiarane skal bli kjende med kvarandre og få kjennskap til dei nye strukturane i kommunane og i fylkeskommunen.
Praktisk informasjon og påmelding:
Frist for påmelding: måndag 10. juni 2019. Påmeldinga er bindande. Det er inga konferanseavgift.
Deltakarane må sjølve tinga rom på konferansehotellet innan 10. juni 2019 og vere ansvarlege for kostnadene. Pris for enkeltrom: kr 1190,-.
Reservasjon på e-post booking@grandterminus.no eller til telefon 55 21 25 00. Vis til bookingkoden 4226909 ved bestilling av rom.
Sjå vedlagt program.
- Dato:
 - 18. september 2019 - 19. september 2019
 - Stad:
 - Bergen, Grand Hotel Terminus
 - Arrangør:
 - Fylkesmannen v/Hanne Melander og Helge Pedersen
 - Målgruppe:
 - PPT-leiarar