Velferdsteknologi som verkemiddel i bustadsosialt arbeid

Foto: Husbanken.

Høgskulen på Vestlandet har utarbeida ein rettleiar om korleis velferdsteknologi kan gjere det lettare for personar med samansette og langvarige rus- og psykisk helseutfordringar å få tilgong til og behalda eigna bustad over tid. Rettleiaren kan vere til nytte for kommunane i deira bustadsosiale arbeid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2022

Gjennom rettleiaren kan ein følgje «Rune», ein konstruert person som har mange av dei utfordringane som er typisk for ein bebuar i eit kommunalt butiltak. Rettleiaren tek føre seg utfordringar som «Rune» har, med til dømes brannfare, tap av nøklar, medisinering, ernæring, kontakt med familie og venner, orientering utanfor heimen osb, og drøftar korleis dette kan løysast ved hjelp av velferdsteknologi.

Sentrale problemstillingar i prosjektet har vore kva konkrete utfordringar bebuarar i kommunale butiltak har, som kan avhjelpast med velferdsteknologi. Andre sentrale problemstillingar har vore knytt til kva kunnskaps- og ferdighetskrav velferdsteknologi stiller, og kva som hemmar og fremjar implementering i kommunale butiltak og buoppfølgingstenester.

Rettleiaren er eit resultat av Høgskulen på Vestlandet sitt prosjekt "ViBor - velferdsteknologi i boligsosialt arbeid", der Bergen kommune har vore hovudsamarbeidspartnar. Prosjektet er finansiert av kompetansetilskot frå Husbanken og av Norges forskningsråd.

Du finn rettleiaren her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.