Samordning av planlagt statleg tilsyn med kommunane for 2023

Vi har i dag sendt brev til kommunane i Vestland og fylkeskommunen om planlagde statlege tilsyn i 2023. Kommunane kan no sjå planlagde tilsyn for sin kommune i tilsynskalenderen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2022

Kommunelova stiller krav til samordning av planlagde statlege tilsyn med kommunane. Det vil seie at Statsforvaltaren skal vurdere det samla omfanget av statlege tilsyn med den enkelte kommune, og dei statlege tilsyna skal ta omsyn til samla belastning på kommunen når dei planlegg tilsyn. Vi skal òg ta omsyn til om kommunen har gjennomført relevante forvaltningsrevisjonar.

Kommunane kan no gå inn i tilsynskalenderen og sjå planlagde tilsyn for sin kommune for 2023. Kommunane treng ikkje lenger logge inn med eigen brukar for å sjå planlagte tilsyn, sidan desse no viser utan at ein treng logge seg inn i løysinga.

Dersom kommunane meiner dei planlagde tilsyna gjev ein for stor belastning på kommunane, kan dei melde tilbake til Statsforvaltaren om dette innan 6. januar 2023.

Dei statlege tilsyna skal vere ferdig samordna innan 16. januar 2023. Ein må likevel ta høgde for at
datoar for tilsyn kan verte endra, eller at nye tilsyn kan kome til på eit seinare tidspunkt.
Spørsmål om bruken av tilsynskalenderen kan rettast til Jorunn Fosse Fidjestøl.

Vi viser også til tidlegare informasjon frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Her finn du også tidlegare utsende brev til kommunane frå departementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar