Ny høyring om eventuell grensejustering mellom Alver, Modalen og Masfjorden

Kartutsnitt av det aktuelle området Foto: Fylkesatlas.

Resultata frå innbyggjarundersøkinga syner at innbyggjarane i området er delte i synet på ei eventuell grensejustering. Vi sender saka på ein ny høyringsrunde.

Publisert 18.09.2025

Opinion AS har på oppdrag frå Statsforvaltaren gjennomført ei innbyggjarundersøking i det aktuelle området, som strekk seg om lag frå Eikefett-tunnelen i Alver mot kommunegrensene til Modalen (nordaust) og Masfjorden (nordvest).

Resultatet syner at innbyggjarane i området er delte på midten i synet på ei eventuell grensejustering, og kor vidt det aktuelle området skal vere ein del av Alver kommune eller Modalen kommune. Svært få gir uttrykk for at området bør verte ein del av Masfjorden kommune.

Innbyggjarundersøkinga viser også at det er noko ulike meiningar ut i frå kor innbyggjarane bur, kor dei jobbar og kva aldersgrupper innbyggjarane tilhøyrer.

No når rapporten frå innbyggjarundersøkinga er klar, sender vi saka på høyring på nytt, der mellom anna kommunane, fylkeskommunen og Statens kartverk skal få høve til å uttale seg før vi gir ei endeleg tilråding til departementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.