Søknad om løyve for tiltak i sjø for utbetring av farleia i Langøysundet i Askvoll kommune
- Høyringsfrist:
- 16. mars 2026 23:00
Bue Salmon søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø. Formålet er å utbetre farleia i Langøysundet slik at brønnfartøy av relevant storleik kan kome til på Bue Salmon sitt anlegg i Gjørøy i Askvoll kommune.
Anleggsarbeidet omfattar mudring over eit areal på 31 575 m2 og eit volum på 93 743 m3. Det skal etablerast ei rett (bein) farlei med 40 meter breidde på kote -8, inn til ein snusirkel inne i vågen med ein radius på 70-75 m på same djup. Inne i vågen blir det gjennomført mudring på delar av området til kote -7.
I den vedlagde søknaden er det gjort ei risikovurdering av arbeidet ut frå registrerte marine naturtypar og fiskeriinteresser, og det er føreslått avbøtande tiltak for å redusere faren for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/7622. Frist for å gje fråsegn er 16. mars 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 16. mars 2026 23:00