Søknad om løyve etter forureiningslova for veiprosjektet Fv. 609 Heilevang – Hestvika i Askvoll kommune
- Høyringsfrist:
- 30. mars 2026 23:00
Hærhe Entreprenør AS søkjer, på vegner av Vestland fylkeskommune, om løyve etter forureiningslova i samband med vegprosjektet Fv. 609 Heilevang–Hestvika. Føremålet med prosjektet er å etablere ein 2,5 km lang tunnel mellom Heilevang i Sunnfjord kommune og Hestvika i Askvoll kommune.
I samband med gjennomføringa av prosjektet vil det oppstå tunnelvatn frå tunneldrivinga samt avrenningsvatn frå deponiområde for sprengstein. Tunnelvatnet vil bli leia til eit etablert reinseanlegg før utslepp til sjøresipient i Førdefjorden-midtre. Førdefjorden-midtre er ein del av ein nasjonal laksefjord. Avrenningsvatn frå deponia vil bli handtert gjennom avskjerande grøfter, terrenggrøfter og sedimentasjonsbasseng for å sikre at partikkelinnhaldet blir redusert før utslepp.
I den vedlagde søknaden er det gjort ei risikovurdering av arbeidet ut frå registrerte marine naturtypar og fiskeriinteresser, og det er føreslått avbøtande tiltak for å redusere faren for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/10037. Frist for å gje fråsegn er 30. mars 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 30. mars 2026 23:00