Søknad om løyve etter forureiningslova til deponi for ordinært avfall – BIR Ressurs AS avd. Mjelstad

Høyringsfrist:
24. november 2025 23:59
Figur 1: Mjelstad deponi (markert med raudt) ligg på Osterøy.

Deponiet skal utvidast frå eksisterande deponi i nordvestleg retning.

Publisert 15.10.2025

BIR Ressurs AS avd. Mjelstad søkjer om løyve etter forureiningslova til utviding av eksisterande deponi på Osterøy.

  • Det vert søkt om løyve til å deponere inntil 890 000 m3 avfall i deponikategori 2 og 3 unntatt farleg avfall.
  • BIR søkjer om 80 000 tonn/år ordinært avfall i eit 3-års snitt og 30 000 tonn/år inert avfall.
  • Dagens deponi tar berre imot botnoske som ordinært avfall, men det blir no søkt om mottak av fleire fraksjonar ordinært avfall.
  • Det vert òg søkt om å vidareføre løyve til sortering av botnoske og mellomlager for utsortert metall.
  • Den nye delen av deponiet vil få dobbel botn- og sidetetting. Sigevatnet blir samla opp og leia til reinseanlegg før utslepp i Osterfjorden.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2022/11866. Frist for å gje fråsegn er 24. november 2025.

Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
24. november 2025 23:59