Søknad om mellombels utsleppsløyve for tørking av avløpsslam i Førde
- Høyringsfrist:
- 28. mai 2025 23:59

Sunnfjord kommune søkjer om mellombels løyve etter forureiningslova for behandling av avløpsslam ved Øyrane reinseanlegg i Førde.
Sunnfjord kommune ønskjer å etablere eit pilotanlegg for tørking av avløpsslam ved det kommunale avløpsanlegget på Øyrane i Førde, med adresse Øyrane 11 i Sunnfjord kommune. Det planlagde anlegget er ei vidareføring og oppskalering av Hellesnes Industries sitt testanlegg for tørking av slam som fram til no har vore plassert på Verftet (Øyrane 12).
Pilotanlegget skal behandle alt avløpsslam produsert ved Øyrane reinseanlegg, i tillegg til slam frå andre kommunale reinseanlegg i området. Total mengde slam som skal behandlast er venta å ligge på 2500-2600 tonn per år.
Kommunen ventar at flyttinga av anlegget til Øyrane reinseanlegg vil vere fordelaktig med omsyn til risiko for luktutslepp sidan slam og rejektvatn kan transporterast i lukka rør og luktutslepp frå anlegget kan reinsast i eksisterande luktreinseanlegg på reinseanlegget. Tiltaket inneber også at uttransport av vått avløpsslam til Sløvåg vil opphøyre og at den største luktkjelda ved dagens løysing vil bli fjerna.
Det er søkt om eit mellombels løyve for anlegget fram til 31. desember 2028.
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Offentleg ettersyn
Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/7404. Frist for å gje fråsegn er 28. mai 2025.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 28. mai 2025 23:59
Kontaktpersonar
-
Anette Heggøy
Tlf: 55 57 23 05