RGS Nordic AS søkjer om å handtere meir farleg avfall på Mongstad

Høyringsfrist:
10. januar 2022 23:59
Kart som viser kvar anlegget ligg på Mongstad.
Kart som viser kvar anlegget ligg på Mongstad.

Verksemda har søkt om mottak av større mengder farleg avfall ved anlegget på Mongstad i Alver kommune.

Publisert 06.12.2021

Det er søkt om å auke mottaksmengda frå 40 000 m3 til 80 000 m3. Det er ikkje søkt om endringar i typar avfall eller endringar i grensa for maksimal mengde farleg avfall på lager. Konsekvensen av endringa vil vere at tal på leveransar til og frå anlegget vil auke. Dette vil primært innebere fleire båttransportar då den auka mengda primært vil skje med båt.

Det er også søkt om å overta drifta av 4 laguner som er etablert på anlegget, men som per dags dato er omfatta av løyvet til Norsk Gjenvinning AS.

Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 10. januar 2022.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/1501.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.

Høyringsfrist:
10. januar 2022 23:59