Nei til tvangsavgrensingsnemnder

Statens helsetilsyn meiner framlegget om å etablere eigne tvangsavgrensingsnemnder blir for upraktisk, tungdrive og svært kostbart. Dei stiller òg spørsmål ved om ei felles tvangsavgrensingslov er eit godt grep på grunn av kompleksiteten i fagområda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.01.2020

Tvangslovutvalet vil ha ei samla lov for tvang retta mot personar som er psykisk sjuke, har rusproblem, er utviklingshemma, eller som elles treng helse- og omsorgstenester utan samtykke. Utvalet vil òg etablere eigne tvangsavgrensingsnemnder.

Tydeleg uttale

Vi les høyringssvaret som at Statens helsetilsyn meiner at intensjonen med å lage ein felles tvangs­avgrensings­lov er god, men at det er grunn til å stille spørsmål ved om det er eit godt grep på grunn av kompleksiteten i fagområda. Fylkeslege Helga Arianson seier Statens helsetilsyn har skrive ei tydeleg og godt grunngjeve høyringsuttale til NOU 2019:14. I Fylkesmannen i Vestland si uttale peika vi på at framlegget til lova er for omfattande, komplisert og fragmentert. Vi peika også på utfordringar med tvangsavgrensingsnemnder. Les meir om vår uttale her.  

Upraktisk, tungdriven og potensielt kostbar

Statens helsetilsyn meiner framlegget om å etablere eigne tvangsavgrensingsnemnder blir for upraktisk, tungdrive og potensielt svært kostbart. Ei slik ordning er svak og eit forsinkande ledd ved spørsmål om tvang for å kunne yte nødvendige helse- og omsorgstenester. Det er vanskeleg å sjå at tvangsavgrensingsnemnder vil bli eit vesentleg bidrag til å ivareta ei hensiktsmessig og effektiv rettstryggleiksordning. Dette kjem fram i Statens helsetilsyn si høyringsuttale til framlegg til tvangsavgrensingslov. 

Foreslår alternativ klage- og kontrollordning hos fylkesmannen

Statens helsetilsyn foreslår derfor at departementet vurderer ei alternativ klage- og kontrollordning, at Fylkesmannen held fram med dagens oppgåver knyt til tvang og overtar dei oppgåvene som er foreslått lagt til tvangsavgrensingsnemndene. Dette vil innebere berre ein klage- og kontrollinstans, vil forenkle delar av loven og redusere eit betydeleg innslag av overlappande oppgåver for klage- og kontrollorgana. Ei slik kontrollordning vil redusere samordningsbehov og administrasjon mellom klage- og kontrollinstansane og vil vere meir effektiv, skriv Statens helsetilsyn.

Her kan du lese høyringa til Statens helsetilsyn.

Her kan du lese høyringa til Fylkesmannen i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.