Helsepersonell må journalføre tillitsskapande tiltak og bruk av tvang

Når ein pasient har eit vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A, må bruken av tvang og tillitsskapande tiltak førast i journal for at Statsforvaltaren skal kunne kontrollere vedtaket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2021, Sist endra 20.12.2021

Helsepersonell kan bruke pasient- og brukarrettslova kapittel 4A for å gjere vedtak om tvungen somatisk helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa. Statsforvaltaren skal etterkontrollere vedtak som varer i meir enn tre månader, jf. pasient- og brukarrettslova § 4A-8. Til kontrollen hentar vi inn oppdaterte opplysingar og journalutskrift frå helsetenesta.

Ifølge helsepersonellova § 39 skal den som yter helsehjelp, journalføre opplysingar som er relevante og naudsynte om pasienten og helsehjelpa.

Dette betyr at helsepersonell som yter helsehjelp, må dokumentere både bruk av tvang og tillitsskapande tiltak. Vi har frå tid til annan sett at opplysingane i journalen er mangelfulle på dette området. Då kan vi ikkje kontrollere om vilkåra i lova er oppfylte. Viss journalutskrifta vi får frå helsetenesta ikkje inneheld opplysingar om tvangsbruk og tillitsskapande tiltak, kan Statsforvaltaren måtte oppheve vedtaket. Manglande journalføring kan føre til at det ikkje blir oppdaga ulovleg tvang mot pasientar eller at pasientane ikkje får den helsehjelpa dei har krav på.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar