Blir sikringstiltak i bil rekna som tvang?
Helsedirektoratet har vurdert spørsmål om korleis bruk av sikringstiltak i bil skal verte vurdert opp mot bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Spørsmåla direktoratet har svara ut tek føre seg sikringstiltak som pleksiglas mellom førarrom og baksete i ein bil, barnesikring på bildører når bilen er i bevegelse, belte- eller seteordningar og beltekloss. Direktoratet viser til at sikkerheit i bil er tungtvegande allmenne omsyn.
Det følgjer av helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 at enkelte tiltak på grunn av sin inngripande karakter skal reknast som bruk av tvang eller makt uavhengig av om personen motset seg. Vurderinga til Helsedirektoratet er at sikringstiltak i bil ikkje er så inngripande at dei, uavhengig av motstand, skal reknast som bruk av tvang etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Direktoratet understrekar at vurderingane gjeld der tiltaka er vurdert kvar for seg, og der det ikkje er haldepunkt for at tiltaket utgjer ei påkjenning eller belastning for personen. Dersom fleire av tiltaka er i bruk samtidig, må det bli gjort ei konkret vurdering av kor inngripande eller belastande den samla tiltaksbyrda blir opplevd for personen. Det bør vere låg terskel for å sjå tiltaket eller tiltaka som tvang eller makt viss personen viser teikn på ubehag knytt til bruken.
Les heile skrivet om sikringstiltak i bil som du finn under «Dokument».