Tildeling av tilskot til utvikling og forbetring av sosiale tenester
Vi har tildelt 9 098 355 kroner til 14 stillingar i ni utviklingsprosjekt i Nav-kontora i Vestland.
Publisert 13.04.2026
Prosjekta skal bidra til å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, som er betre tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer vil Nav forbetre kvaliteten i dei sosiale tenestene, og med det hjelpe brukarane til å få betre levekår.
I år fekk vi midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til allereie aktive stillingar i utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland. Så det vart berre Nav-kontor som har motteke midlar i 2025, som fekk tilskot. Les meir om dette her: Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2026 | Statsforvaltaren i Vestland
Desse fekk tilskot
- Nav Bergen nord
- Nav Bergen sør
- Nav Bergen sentrum
- Nav Voss
- Nav Øygarden
- Nav Samnanger
- Nav Bjørnafjorden
- Nav Nordfjord
- Nav Sunnfjord og Ytre Sogn