12,8 millionar kroner til utvikling av sosiale tenester ved Nav-kontora

Fylkesmannen i Vestland har tildelt prosjektmidlar til 14 stillingar i 11 nye tiltak i 2020. I tillegg kjem tilskot til 12 stillingar i 9 tiltak som er inne i tilskotsordninga frå tidlegare.

Publisert 12.06.2020

Totalt har vi tildelt 12 820 188 kroner i tilskot for 2020. I tillegg kjem 5 109 053 som vart tildelt i fjor, og som er overført til i år. Vi tildeler tilskotet på vegner av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå oversikt i tabellane nedst i saka. 

Tilskotet skal føre til auka kvalitet

Tiltak som får midlar frå ordninga er dei som bidreg til eit heilskapleg og samordna tenestetilbod ved Nav-kontora, tilpassa brukarane sine behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og med det få betra levekåra sine. Tilskotet skal nyttast til å finansiere prosjektstillingar.

Elleve nye tiltak

Tilskotsordninga starta i 2017, og fem Nav-kontor i Vestland fekk tilskot dette året. Året etter fekk fire nye Nav-kontor i Vestland tilskot og i fjor fem. Eitt og same tiltak kan få tilskot i tre år.

Etter som Vestland i år har fått tildelt nær 13 millionar kroner i prosjektmidlar, har heile elleve nye tiltak kome inn i tilskotsordninga i år. I tillegg har vi ti tiltak som er inne i tilskotsordninga frå tidlegare, men for to av desse vert prosjektperioden med statleg tilskot avslutta i løpet av 2020.

Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak, vil tilskotsordninga for å utvikle dei sosiale tenestene i Nav-kontoret halde fram i 2021.

Her kan du sjå oversikta over dei elleve nye som har kome inn i ordninga i 2020, og kor mykje kvart enkelt Nav-kontor har fått.

Her kan du sjå oversikta over dei Nav-kontora som er inne i tilskotsordninga frå tidlegare, og kor mykje kvart enkelt Nav-kontor har fått.

Les meir om tildelingane i 2019 i denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.