Helsepersonell med pasientkontakt bør vaksinerast mot influensa

Vinteren kjem, og det er igjen tid for årets vaksinering mot sesonginfluensa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at helsepersonell med pasientkontakt, og dei som høyrer til ei risikogruppe, vaksinerast mot sesonginfluensa. Kven som høyrer til risikogruppene er nærare definert på heimesida til FHI. Både helsepersonell og risikogruppene skal vaksinerast i oktober‑desember med den tradisjonelle vaksinen mot sesonginfluensa. Dei som ikkje høyrer til ei slik gruppe, må vente til etter 1. desember.

Influensavaksine gir inga beskyttelse mot covid-19

Influensavaksinen er berre effektiv mot influensa, og gir inga beskyttelse mot covid-19. Vaksinering er likevel viktig for å unngå alvorleg influensasjukdom, redusere risikoen for dobbeltinfeksjon med influensa og covid-19, unngå at helsepersonell blir sjuke grunna influensa, og for å hindre at influensasjukdom gjer situasjonen verre i ei helseteneste som allereie kan vere overbelasta av covid-19.

Unngå dobbeltvaksinering

FHI har i tillegg bestilt 100 000 doser av ein annan influensavaksine (Fluad) til bruk på dei eldste og mest sårbare. Denne blir fordelt etter prioritet, og dei som skal ha denne skal vaksinerast i desember. Kommunane må difor i god tid lage lister over kven som skal ha Fluad, for å unngå dobbeltvaksinering.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.