Folkehelseinstituttet sender SMS om Smittestopp

Folkehelseinstituttet (FHI) sender torsdag 4. februar ein SMS om appen Smittestopp til innbyggjarane i Vestland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.02.2021

– Vi meiner det er viktig å bruke alle verkemiddel vi har for å bidra til å stoppe smitten av både koronaviruset generelt, og den engelske varianten spesielt. Smittestopp kan bidra til rask varsling om risiko for smitte, og jo fleire som brukar den, jo meir effektiv vil den vere, seier assisterande direktør Gun Peggy Knudsen i FHI.

Smittestopp-appen er frivillig å bruke, og er for deg over 16 år. Appen gir beskjed dersom du har vore i nærleiken av andre Smittestopp-brukarar som seinare har fått påvist koronavirus, og du kan sjølv melde frå til andre dersom du får påvist smitte. 

– Appen erstattar ikkje smittesporinga som blir gjort i kommunane, men er eit supplement. Den er spesielt nyttig i situasjonar der du har vore i nærleiken av personar du kjenner, eller ikkje hugsar du har vore saman med, seier Knudsen.   

Les meir om Smittestopp på Helsenorge.

Last ned appen frå App Store eller Google Play

Sjå Nøkkeltall fra Smittestopp

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.