Dekningsstatistikken for barnevaksinasjonsprogrammet er publisert

Det er framleis høg oppslutning om vaksinar til barn og unge i Noreg, viser dekningsstatstikken for 2024.

Publisert 13.05.2025

Det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK publiserer vaksinasjonsdekninga for barnevaksinasjonsprogrammet for tre årskull, 2-, 9- og 16-åringar kvar vår. Dekningsstatistikken for 2024 på lands- og fylkesnivå finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Dekningstal på kommunenivå finn du på FHI Statistikk.

Statistikken viser framleis høg oppslutning om vaksinar til barn og unge i Noreg. I nokre kommunar er vaksinasjonsdekninga under 85 prosent for éin eller fleire sjukdomar, for eitt eller fleire kull. Det kan vere ulike årsaker til dette. FHI følgjer opp låg vaksinasjonsdekning ved å sende ut kvalitetslister til alle kommunane i landet to gonger i året, digitalt via SvarUt-tenesta til KS. Alle kommunar blir oppmoda om å bruke dette, slik at avvik knytt til låg vaksinasjonsdekning kan rettast opp.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar